Frode Gudvangen, avdelingsleiar på Voss, var med og starta Aktiv Oppfølging i Bergen i 2008. I 2015 flytta han tilbake til heimbygda si, og har sidan drive avdelinga på Voss. Gjennom arbeidet vårt har me etablert eit solid nettverk av samarbeidspartnarar og fått god kjennskap til systemet og andre tiltak. Me ser kor viktig det er å ha tett samarbeid med skular, spesialisthelsetenesta, arbeidsplassar, lokale tiltak og elles livet i bygda.
Trygge rammer og fleksibilitet
Me veit kor viktig det er med trygge, gode rammer og forutsigbarhet. Samstundes meiner me at fleksibilitet er heilt avgjerande når ein jobbar med ungdom – både i kontakt med ungdommen og i høve til oppdragsavtalen.
Kva me tilbyr
Me tilbyr timesbasert oppfølging av barn, ungdom og unge vaksne med ulike formar for utfordingar. Vår rolle er å hjelpa ungdomane til å skape ein sjølvstendig tilværelse, og gje dei nødvendig støtte til sjølv å skapa ein god kvardag på Voss og omegn. Me vil derfor legge til rette for at ungdom skal få eit heiltids, koordinert og individuelt tilpassa tilbod om oppfølging i eige nærmiljø. Kvar enkelt ungdom får ein eigen kontaktperson som er tilgjengeleg for ungdommen. Vår erfaring tilseier at det er ein tryggheit å alltid ha nokon å ringa til om det skulle være noko.
Ta kontakt med oss, uansett kva slags behov du måtte ha. Me ønsker å strekke oss langt for å finne gode løysningar, og kan bidra med det meste på forespørsel.
Me kan starte på kort varsel og tilpassar oss slik at me passar best mogleg for den personen som skal inn i tiltaket vårt.
Kombinasjonen av trygge rammer, forutsigbarhet og fleksibilitet er spesielt viktig i arbeidet med målgruppa vår.
Voss er ei bygd mange forbinder med ulike aktivitetar, og me har derfor opparbeida oss ein bank av utstyr som ungdommen kan få låne og teste ut. Dette kan være skiutstyr, syklar, SUP-brett, fridykkingsutstyr, golfsett, telt, soveposar, paraglider med meir.
Dette gjer det lettare for ungdom å prøve ut nye aktivitetar utan økonomiske hinder.
Frode Gudvangen
E-post: Frode@aktivoppfolging.no
tlf: 90516284
Kontaktinformasjon
Postadresse:
Kråvikvegen 26,
5310 Hauglandshella
E-post: kontakt@aktivoppfolging.no
Telefon:
Klaus – 975 21 672
Frode – 905 16 284
Erlend – 928 46 714